Britt-Synnøve Johansen: Kveldslys

Framsyningar
Henter programmet
Britt-Synnøve Johansen er den vesle kvinna med den store stemma og ei formidlingsevne av dei sjeldne.
No kjem ho endeleg til Sauda igjen!
Med seg til Folkets Hus har ho Rasmus Solem: piano, Magnus Rød Haugland: kontrabass og Thorbjørn André Bilstad Olsen: Strengeinstrumenter.
Britt-Synnøve Johansen slapp si nye utgjeving «Kveldslys» 23. januar 2026.
«Kveldslys». Smak på ordet: Det går mot kveld. Det mørknar. Men det finst framleis lys. Eit lunt, mjukt lys.
Britt-Synnøve Johansen er den vesle kvinna med den store stemma og ei formidlingsevne av dei sjeldne. Ho har sunge Edit Piaf på norsk, tango på norsk, eigen og andres musikk full av store kjensler.
På «Kveldslys» er stemninga rolegare, tekstane modne, vemodige og ettertenksame.
Men varmt og uendeleg vakkert er det framleis.
Som ein kveld i lunt lys.
“Kveldslys” er eit sårt, nært og ærleg album. Sjangermessig er dette norske viser, men albumet strekker seg samtidig mot både franske chansons, jazz og americana.
Foto: Morten Berentsen