Matinèkonsert: Sauda musikklag-tubasolist: Eirik Gjerdevik

Framsyningar
Henter programmet
Matinékonsert med Sauda Musikklag – gjestedirigent og solist Eirik the Viking
Sauda Musikklag inviterer til ein stemningsfull matinékonsert full av musikalske kontrastar – frå pop og jazz til salmetonar og tango.
Korpset får storfint besøk av Eirik Gjerdevik – også kjend som Eirik the Viking. Han er tubaist i Sjøforsvarets musikkorps, og er både ein anerkjend solist og ein inspirerande dirigent med smittande engasjement og glimt i auga. Under konserten vil han både leie Sauda Musikklag og by på seg sjølv som solist.
Konferansier er Ingrid Fatnes, ei ung og lovande stemme frå Sauda, som med trygg hand og sjarmerande tilstedeværelse vil lose publikum gjennom konserten.
Sauda Musikklag Korpset, som i år feirar sitt 101. år, står no framfor ei spennande ny tid – med planar om å starte eit korpstilbod for både barn og unge.
I pausen blir det åresal til inntekt for oppstarten av nytt skulekorps – så ta gjerne med litt kontantar eller Vipps!
Velkomen til ein musikalsk søndag fylt med energi, varme og ekte speleglede – under leiing av sjølvaste Eirik the Viking!