Kulturkveld/auksjon: bilder av Samuel Tveit

Auksjon med bilder av Samuel Tveit

Framsyningar

Henter programmet

Velkommen til Kulturarrangement i anledning salg av Samuel Tveit sine bilder.Tanken bak ein slik privat auksjon var at bileta fortener ein vegg i ein heim i Sauda, heller enn ein tilfeldig nettskjebne frå eit løerom på Rauland.Dette kulturarrangementet er tenkt som ein hyllest til livet og litt spesifikt til Eigil Arnfred, som gjennom nitidig og spissa penn har fanga Samuel, Anna og Eigil si verd i ord og tonar, flott akkompagnert av blandakoret Sonor og andre fine folk me kjenner.Det er ikkje utan brekningar, ytringar, frustrasjon, makteslaushet, irritasjon og endeleg knaing at dette blei til og at dei henta seg inn til glede for publikum. Og for ein suksess me opplevde.Det blir ørlite snakk, opplesing og helsing, det blir forteljarstemme, tilhøyrande musikk og så får me møta att både Samuel og Anna i vakker song.Kom inn, ta eit høgt glas, finn deg litt frukt, sjå på bileta, eit for eit, og sjå kva du kan lika. Kanskje spring nettopp du ut med ei Samuel Tveit tavla i kveld. Kanskje den med Bruresløret på baksida? Eg håper jo det blir trangt i dørene.