"FARVEL DU MODER NORGE" - eit syngjespel om utvandringa til Amerika

Framsyningar
Henter programmet
«Farvel du Moder Norge» - eit syngjespel om utvandringa til Amerika
Gullgutane er Suldal sitt svar på Sølvguttene i Oslo. Eit mannskor som vart starta mest som ein spøk for 26 år sidan på Nesflaten i Suldal kommune. No møtest omlag 35 av bygdene sine beste mannfolk ein gong i veka til øving.
Øvingane startar vanlegvis etter at den hardaste reinsjakta er over og held fram til sauelemminga startar. Både erfjordbuar, sandbuar, røldøler, nesbuar og osabuar er med. Veerle Haug Tieghem, kjend mellom anna frå Norge Rundt https://tv.nrk.no/serie/norge-rundt/dvnr04000316/22-01-2016#t=20m8s , er med og spelar til oss, og Nils Bjarne Vold er dirigent og arrangerer det meste av det me syng.
Tidlegare har me sett opp større førestillingar som "Bautasteinar" (tekstar av Jakob Sande), "Frå Sjösala til Suldal" (omskrivne tekstar av Evert Taube), "jentene + gutane = sant" (songar frå skulestova, i lag med Tindra),og "Stjerna frå aust" (russiske folketonar og tekstar av Geirr Lystrup).
Siste store forestillinga vår var “Køntri på vår måte”.
No er det utvandringa til Amerika som er tema. Suldøler i hopetal reiste i si tid over, og i dette syngjespelet følgjer me først husmennene heime i Suldal, før me blir med på overfarten til New York. I andre akt er me med dei i det nye landet. Sjølv om det er suldøler me følgjer på denne musikalske reisa, treng du slett ikkje ha Suldals-blod i årane for å ha glede av framsyninga.
Førestillinga er bygd opp av ei blanding med gamle viser, sjantiar og nyskrivne songar ført i pennen av Ingvar Olimstad og tonesette av dirigenten vår. Me har til og med funne plass til ein song Bruce Springsteen gjorde svært så populær, Erie Canal song, i norsk språkdrakt.
Utanom dei omlag 35 gullgutane, er damegruppa Osatrall, Åshild Vetrhus og 7 ungar i ulik alder med. Distriktsmusikarane i Ryfylke har ansvar for musikken. Så tilsaman er me ca 60 personar på scenen!
Anne Elisebeth Skogen, forteljar ogtidlegare dramalærar ved Suldal kulturskule er regissør.
Førestillinga gjekk for fulle hus på Suldal Kulturhus på Sand våren 2016. Me gjesta også Hjelmeland. Sommaren 2018 reiste me på turnè i Midtvesten i USA og gleda norsk-amerikanarar i hopetal med songen vår.
Land som er styrte av despotar eller er herja av årelang krig gjer livet uleveleg for dei som berre ønskjer rettferd og fred. Mange har derfor vorte tvinga til å reisa frå fedrelandet dei var så glade i. Andre har funne seg arbeid i Norge og av den grunn blitt ein del av det fargerike felleskapet vårt. Ei gruppe av dei nye landsmennene våre vil opna førestillinga. Dei syng m.a. dette i lag med Gullgutane:
«Venskapsbruer vil me byggja saman her. Samla våre krefter for ei betre verd!»
Hjarteleg velkomne!
Det hadde vore gildt om de ville gjesta oss!
Beste helsing Gullgutane
Nils Bjarne Vold