Sauda Sogelag inviterer til: Med lov skal landet byggjast, Aslak Sira Myhre

Framsyningar
Henter programmet
Sogelaget opnar haustsesongen med 750 -årsjubileum
«Med lov skal landet byggjast»
Eit 750-årsjubileum for Magnus Lagabøtes landslov – Europas første fungerande rikslov.
Ved riksbibliotekar Aslak Sira Myhre
Tysdag kjem nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre til Sauda og til Sauda sogelag. Då trommar sogelaget saman til markering av at det er 750 år sidan Magnus Lagabøte fekk tinga kring i landet og kyrkja til å vedta den første norske landslova. Lova baserte seg på dei gamle norske landskapslovane, Gulating, Frostating, Eidsivating og Borgarting.
Lovarbeidet var så grundig og godt at lova blei ståande som norsk lov i 400 år. Først langt inn i dansketida blei Landslova erstatta med ei ny lov, fortel Myhre.
For mange saudabuar vil Aslak Sira Myhre vere kjend som både politikar og ryfylkeven, oppvaksen i Stavanger med hytte på Ropeidhalvøya. Han er ferdig med partipolitikken, men er framleis einengasjert og engasjerande samfunnsdebattant. I år har han skrive eit utal artiklar i pressa og halde foredrag land og strand rundt om Landslova av 1274.
Vi finn grunnprinsipp i landslova som framleis i dag pregar dagleglivet vårt. Når vi no plukkar sopp og bær fritt i marka og kan fiske i fjord og vatn, er det rettar som blei nedfelt i landslovas regulering av allmenningen. Det same er odelsretten.
Meir om Magnus Lagabøte, lovarbeidet som blei gjort for 750 år sidan og framleis pregar norsk lovgjeving, og kva det har å seie for oss i dag, kan du høyre i haustens første sogelagsmøte, denne gongen i Storesal i Folkets Hus. Der held vi fram med dei gamle og gode sogelagstradisjonane; venleg drøs, noko å bite i i pausen og allsong. Ver velkomne, alle historieinteressert saudabuar. Og så eit lite PS: Billetten må du no kjøpe anten på nettet eller på biblioteket.