Sauda Kultur

Sauda Sogelag: Filmsnuttar frå Sauda, 1960-talet

Urmakar Bernhard Jensen dreiv forretning i Rådhusgata i Sauda

Framsyningar

Henter programmet

1960-talet og årsmøte i sogelaget

Tysdag i neste veke inviterer Sauda sogelag til filmframsyning i Storesalen i Folkets Hus. Inge Mikal Nødland er blitt filmregissør. Filmfotografen var ein gong urmakar Jensen.

Urmakar Bernhard Jensen kom til Sauda frå Kopervik i 1930 og dreiv verkstaden sin i Rådhusgata i 70 år. Jensen var kjend for meir enn at han kunne reparere klokker. Han hadde så mange jern i elden. Mellom anna var han «hobbykunstmalar», han skreiv dikt som han fekk trykt i Ryfylke, og han gav ut si eiga gratisavis som han leverte rundt på butikkane på Øyra. Og så tok han opp smalfilm. Då Jensen døydde i 2004 let han etter seg mengder av 16 mm filmrullar, i hovudsak tatt opp kring i Sauda på 1960-talet.

Eskene med filmrullar kom etter kvart lokalhistorieentusiasten og samlaren Inge Mikal Nødland i hende. Han såg verdien av filmane, og no har han fått dei «vaska», reinsa og klipt. Så er dei blitt digitaliserte og sett saman slik at Inge Mikal no kan by på ei 45-minutts framsyning på stort og flott lerret i Storesalen.

Februar er meir enn vinter, glatte fortau og høge brøytekantar. Det er også årsmøtemånaden for lag og foreiningar. Difor legg Sauda sogelag årsmøtet sitt til denne kvelden. Årsmøta i sogelaget er til vanleg greitt avvikla. Valkomiteen har gjort jobben, og dei har fått ja frå alle dei har spurd.

Ver velkomne, anten du er medlem eller ikkje, til det første sogelagsmøte i 2024 – til filmframsyning, allsong, sogelagsmat og god drøs. Billettar er til sals på nett, på biblioteket og ved inngangen (dersom det er billettar igjen)

Roar Lund