Ein plass i verda! Eit historisk syngespel

Framsyningar
Henter programmet
«Ein plass i verda!» er ei førestilling for dei som set pris på kvalitetsmusikk med tekstar som har noko å fortelje…
I tida kring år 1800, var Napoleon herskar i Frankrike og landet hadde i tiår vore i strid med England.
Noreg var framleis eit lyderike under Danmark, Frederik VI styrde landet vårt som kronprinsregent og Hans Nielsen Hauge gjekk strikkande frå bygd til bygd og tala Gudsord og starta nye verksemder.
På Vestlandet hadde ein tømt fjordane for sild og skogen var hoggen ned, men ein kunne framleis fiska og dyrka jorda og i strandstader som til dømes Sand og Jelsa vaks fram med handverkarar og kremmarar…
Ikkje minst var det jektetrafikk med jakter som «Brødrene af Sand» som segla til og frå heile Europa med varer av ymse slag.
Saudabuen Ola Govart Strømme har skrive «Ein plass i verda» om denne tida og laga karakterane «Lukas frå Himlaleite & Brita på Bryggjå». Dei to møtes fyrste gongen som tiåringar i 1795 då Lukas vert jektegut og sjømann og får oppleve krigar og brytningstider i Europa. Brita er «lausunge» og vert att på bryggjå. Her bygger ho sitt eige «imperium» og kan fortelja om tidene i eit Noreg som smått om senn fekk eigen grunnlov og vart eit friare og friare Noreg…
«Ein plass i verda» er eit historisk syngespel som Ola har skapt saman med komponisten, orkesterleiaren og keyboardisten, - Geir Langslet.
Musikken og songane er långt frå folkemusikk, men likevel svært så folkelege…
Geir & Ola har båe fartstid frå Norsk populærmusikk sida 1980-talet.
I ensemblet har dei fått med seg nokre av dei finaste musikarane og songarane som kan oppdrivast i Rogaland.
Saudas eigen Nils Kristen Herheim syng og fortel i rolla som Lukas. Hege Kristin Kjærvoll har rolla som Brita.
Sandsbuen Håkon Nielsen trakterer trekkspel og diverse keyboard. Brødrene Bernt Yngve- og Tomas Kvam tek ansvar for høvesvis trommer og bass. Gitaristen Eric Zahl er kan hende mest kjend frå bluesbandet «Eric Slim Zahl & the South West Swingers», men kan visseleg spela alt frå salmar til irsk folkemusikk til jazz og til rock.
Geir Langslet som nok er mest kjend frå tida si i «Lava», er orkesterleiar og speler også diverse keyboard.