Sauda Kultur

Folkets Hus

Bilde fra Folkets Hus

Om Folkets Hus

For godt og vel 100 år sidan opplevde Sauda det norske industrieventyret. I eksplosivt tempo blei bygda inst i Boknafjorden forvandla frå bondesamfunn til eit moderne industrisamfunn. Sauda, og dei andre einsidige industristadene som vaks fram i same periode, blei spydspissar inn i det moderne Noreg. Det moderne kom til uttrykk på mange vis; i industrien, arkitekturen, det rike foreiningslivet, mangfaldet av butikkar og kafear, og - ikkje minst - mentalt. Saudabuen fekk ein moderne og urban livsstil og saug til seg moderne tankar, idear og haldningar.

Folkets Hus er teikna av den kjende stavangerarkitekten Gustav Helland og stod ferdig i 1931. Bygningen inngår i ein arkitektonisk og kulturhistorisk heilskap med resten av den spesielle industristad-arkitekturen i Sauda

Nye tider

Folkets Hus har nå blitt restaurert og rehabilitert. Det har fått eit tilbygg. Dugnad var viktig då Folkets Hus i si tid blei reist. Dugnadstradisjonen vart ført vidare inn i vår tid i form av folkeaksjar, prosjektleiing og praktisk dugnad i huset. I samråd med vernemyndigheitene skal huset fredast som det første av sitt slag i landet.

Det ideelle AS’et Sauda Folkets Hus AS var ansvarleg for restaurering av Folkets Hus og reising av nybygg, men Sauda kommune ved eining kultur står for drifta.

Folkets Hus med tilbygg rommeer øvingslokale for kulturskule og kulturlivet elles, to salar for framsyningar og konferansar, rom for ungdomsaktivitetar, utstillingar, kafé med meir. Resultatet er ein kombinasjon av levande kulturbygg og nasjonalt kulturminne.

Storesalen

Den erverdige salen, med dei flotte veggmaleria, ligg i andre etasje og har fllatt gulv med scene. Salen er godkjent for 350 personar.

Nyesalen

Salen, som ligg i første etasje i tilbygget, har mobilt amfi med plass til 130 personar.

Rigging av salane

Storesalen og Nyesalen kan begge riggast akkurat slik du ønskjer det for ditt arrangement. Ønskjer du salen rigga som eit klasserom? Treng runde bord med plass til åtte rundt kvart bord? Eller kanskje du treng salen som ein konsertsal?

Lys- og lydteknikk

Det er teknikarar frå Abc studio som styrer lyd og lys på huset.

Dersom du ikkje treng å mikkast opp for song og eller instrument, men berre treng å mikkast for å snakka treng me ikkje leiga inn Abc studio. Dette handterer me som jobbar på Folkets Hus, sjølve.

Utanfor Folkets Hus har me to store flotte bålpanner. Dersom du ønskjer å gi gjestene dine ein ekstra varm velkomst fyrer me gjerne opp i dei og rullar ut den raude løparen. Pris kr. 500,-